Det har heile tida vore litt vatn under dørkplatene i båten, men ikkje meir enn at det heldt å lense ca kvar tredje månad. I april ville eg finne ut ein gong for alle kvar vatnet kom frå. Dørken vart tørka heilt ut med papir, og det vart raskt konstatert at vatnet kom frå nedsida. Ikkje frå lekkasje i vasstanken på innsida, som eg først hadde mistenkt. Båten ligg i brakkvatn, så det er vanskeleg å kjenne om vatnet er sjøvatn eller ei.
Takstmann frå forsikringsselskapet (Sparebank 1) vart tilkalla. Han kunne med ein gong slå fast at det ikkje var mykje hjelp å få, fordi det ikkje var eg som hadde grunnstøytt båten.
Det vart konkludert med at båten måtte på land for å reparerast av meg sjølv. Med god hjelp frå naboen min fekk vi bygd ei provisorisk båtkrybbe av tre. Kranbil vart bestilt, og oppheiset gjekk som planlagt.
(Innlegget held fram under bileta)
Bygging av krybbe i tre
Båten vert heisa opp.
På plass i krybba.
Når båten var på land, kunne ein lett sjå at han hadde vore kraftig grunnstøtt ein gong. Det var tydelege skader på kjølen. Dei var forsøkt reparert på ein dårleg måte som ikkje heldt vatn, med glasfiber oppå botnsmurning og liknande.

Her ser ein litt av skaden. Vi har slipt vekk ein del med vinkelslipar.
Vi gjekk i gang med å slipe ned glasfiberen på innsida av båten for å finne ut av skadeomfanget. Det vart straks klart at skadene var større enn vi hadde trudd. Vatn hadde kome opp frå ei sprekke i skroget og forplanta seg langs kjølstokk, spant og stringerar. I tillegg var det meste av dørken delaminert, truleg grunna frostsprenging. Det enda opp med at vi tok vinkelsliparen fatt og skjærte vekk alle spant og glasfiberkapselen rundt kjølstokken. Vi slipte vekk glasfiberen i botnen heilt ned til den indre strukturen i originalglasfiberen.
Utgangspunktet
Kjølstokken var fullstendig gjennomtrekt av vatn. Heldigvis hadde han ikkje rotna. Vi trur dette kan vere fordi det ikkje har kome luft til, så han har vorte konservert som i ei myr. Spanta var konstruert som glasfiberskal fylt av skum. Vi fjerna tre par spant fullstendig. Det tok to heile dagar å slipe vekk all den skadde glasfiberen i båten. Kring tretti liter fiberstøv vart fjerna i bøtter og spann. Absolutt alt i båten var dekt av eit tynt lag kvitt støv, sjølv om vi prøvde å bygge eit "telt" rundt arbeidsområdet. Undervegs såg vi tydeleg sprekkene frå grunnstøytinga, som gjekk på sida av kjølstokken.

Gap opp!

Delaminert...

Våt kjølstokk...

Kutting og sliping med vinkelslipar.

Kappar vekk spanta.


Støvhelvete.


Her ser vi litt av skaden på innsida.


Etter at botnen var slipt ned og kjølstokken eksponert, måtte han tørkast ut. Stokken var heilt gjennomtrekt av vatn, men ikkje roten. Sidan det hasta å få stokken tørr, sette vi på to vifteovnar som bles på stokken, samt ein luftavfuktar. Etter å ha tørka stokken i 50 grader i fem døgn, var han tørr nok til å støypast inn på nytt.

Kjølstokken oppe i friluft att for første gang på 35 år.

Hurtigtørking av kjølstokk. Badstovetemperatur i fem døgn.
Etter at stokken hadde tørka nok, gav vi han eit strøk acetonblanda polyester før vi støypte han inn att i tre lag 600 grams rovingvev.

Impregnering av kjølstokken med acetonblanda polyester.

Det fungerte bra.
Det var også ein del å gjere på utsida av båten. Kjølen hadde ein del skader som måtte reparerast, og vi bestemte oss også for å slipe ned dørkplatene i båten og lakke dei opp att.

Gamal skade bak på kjølen.

Slipte øverste del av kjølen ned til glasfiberen for å få oversikt over skadeomfanget.

La på fleire lag 600g rovingvev rundt kjølfestet.

No er snart båten og eg klar for sydlegare farvatn.

Mi kjære slipar dørkplater.

Kjølen reparert.
Skroget var fullt av små blærer som kunne minne om den berykta plastpesten. Det viste seg at dei var fulle av vatn, men boblene var berre i botnsmurninga. Like under var alt i skjønnaste orden. Kanskje det berre dreia seg om botnsmurning i regnvêr? Uansett vart alle boblene slipt ned og det vart lagt på tre lag Jotun antipest.

Det ser ut som plastpest...

...men det er berre overfladisk, under botnsmurninga.
Etter at kjølstokken hadde tørka ut, la vi ny glasfiber i botnen av båten. Tre lag 600g rovingvev.

Tilpassing av mattene.

Før støyping.


Etter støyping.
Vi saga deretter ut fire nye spant i sandwich (divinycell) som vi også støypte inn i rovingvev. Dei gamle spanta var fylt av eit slags skum som hadde råtna opp og var ubrukelege. Den nye konstruksjonen er mykje kraftigare, i tillegg til at vi monterte eit ekstra spant.

Skjærer ut nye spant av sandwich.

Spanta på plass før støyping.

Dette burde halde.

Etter at vi hadde støypt fast dei nye spanta, la vi to strøk Sigural epoxymaling på heile dørken som finish.

Etter at alt var reparert var det tid for botnsmurning og heising tilbake til sjøen.

Båten i sitt rette element.
Heile operasjonen tok ca to veker med beinhardt arbeid frå morgon til kveld. Alternativet hadde truleg vore å sette vekk arbeidet og vorte ruinert, eller kondemnert båten. No er han i alle fall potte tett og kraftigare enn han nokon gong har vore. Då er det meste klart for jordomsegling.
Tusen takk til naboen min og til kjærasten min for uvurderleg hjelp undervegs i reparasjonsarbeidet!







